Tur til Gjølevatnet og Veddeskogen

Saman med Therese og Marit gjekk Utegruppa på markatur i dag. Først til Gjølevatnet, og så vidare utover til Veddeskogen. Turen tok dei fire timar, timar dei fylte med leik, prat, ulike små diskusjonar, oppdaging av støvel/gjørme-fenomenet i tillegg til vanleg norsk trasking i skogen.

Utegruppa hadde ein flott tur i skogen i dag. Det var tørt i veret og nokså tørt i bakken. Nokre plassar var det likevel litt gjørme, og ein plass blei ein støvel sittande fast i gjørma.

Ved Gjølevatnet hadde dei ein lengre stopp. Her åt dei lunsj og leika seg med å kaste stein og pinnar. Eit av barna "sjekka" badetemperaturen i vatnet ved eit uhell.

Utegruppa fann fleire skilt i skogen. Desse tok dei bilete av og la også merke til at bokstavane har ulike former. Ø i Øtrevatnet har rund form, for eksempel.

Elles fekk barna på utegruppa studere maurtue, dei såg ein frosk, nokre meinte dei såg ei løve også.

Føresette til barna ved Utegruppa kan sjå bileter frå turen ved å logge seg inn på sida.