Nissefesten 2018

Det nærmar seg jul og nissefest i barnehagen er ikkje til å kome forbi. Oppmøtet av nissar i barnehagen var overveldande, Bikuba viste ei framifrå nisse-førestilling, nissegrauten smakte som vanleg veldig godt og Julenissen hadde sendt sin eigen bror på besøk til barnehagen i dag.

Etterkvart som morgonen grydde av dag, dukka den eine nissen etter den andre opp i barnehagen. Både små barne-nissar, og litt større personal-nissar. Vi kan vel slå fast at dagens farge er raud.

Bikuba inviterte alle gruppene inn til seg på nissesamling. Der fekk vi møte ei nissemor som måtte bake, nissebarn som måtte legge seg og ein alv som kunne spele gitar. Nissefar kom også innom, han letta etterkvart på maska og avslørte at det var Wenche som hadde kledd seg ut....

Etter den flotte førestillinga fekk barna gå rundt juletreet. Det gjekk i "O-jul med din glede" og "Så går vi rundt om en enebærbusk". Nissegrøten smakte utmerket, men høgdepunktet var nok da vi fekk besøk av ein litt barnsleg nisse. Han sa han var broren til sjølvaste julenissen. Han var vel den mest tøysete nissen barnehagen har hatt besøk av til no og han fekk dei aller fleste barna til å le godt. Han hadde med seg ei lita nissegave til alle barna, også. Han gjorde seg forresten bemerka allereie før han kom inn i barnehagen med å henge opp mat til fuglane. Og da han dro, forlot han barnehagen på trehjulssykkel.   

Vi kan "huke av" årets nissefest som særs vellukka.