Grøne tankar - glade barn er eit psyko-pedagogisk materiell som skal stimulere barns tanke- og følelsesbevisstheit. Det er utarbeidd av psykolog Solfrid Raknes. Målet er å hjelpe barn til å utvikle gode haldningar til seg sjølv og andre. Alle barnehagane og skulane i Sula kommune skal jobbe etter denne modellen. Materialet vi brukar er tilpassa barn i barnehagealder.
I dag fekk vi høyre sangen om Roald som er redd for å vere aleine på grunn av tankar om kva som kan vere inni skapet eller under senga. Av og til er slike raude tankar nyttige, dei kan hindre oss i å bli påkjørt av ein bil, for eksempel. Ofte kan dei med fordel "byttast ut" med grøne tankar, og ein kjenner det betre inni seg.
I dette opplegget blir det fokusert på skilnaden mellom tankar og følelser. Ein treng ikkje å vere barn for å blande saman dette, det gjer vi vaksne også. Men det hjelp å lære om det, sette ord på det og øve. Tenker vi på "HUND", vandrar kanskje tankane til valpen heime, og vi kjenner glede. Eller kanskje tenker vi på den store, skumle hunden i nabohuset, og kjenner frykt. Det viser seg også at kjenslene våre visast igjen i fjeset og på kroppen vår.
Tenkebamsane Raud skal symbolisere raudetankar - tankar som skapar vanskar. Tankar som skaper glede, trivsel og tryggheit kallar vi for grønetankar, og blir symbolisert av tenkebamsen Grøn.