Sommarvårdag

Det er ingenting som kan måle seg med dei første dagane med "jakke og sko" i barnehagen. Alt blir lettare og enklare. Barna spring fortare og dei som ikkje kunne å sykle frå før, kan det på slike dagar!

Det er rett etter påskeferien og barna gledar seg over å treffe igjen gode vennar. Det er sol, mildt og fint, tørt på bakken: Det er "jakke og sko -ver"! Dei eldste barna har undersøkt dagleg dei siste månadane om det er slik at dei kan springe ut i berre jakke og sko, og jublar over at dei vaksne ENDELEG svarer ja på det spørsmålet.

Sykkelbana er populær i dag. Det er skogen også. Og i sandkassa er det massevis av "sukkersand". Trappa opp til sklia kan dei ta i to steg. I dag er alt lett! Til og med "dissa" har god fart denne dagen. For ein herleg dag.