Vårtur i "markane"

Nokre steinkast frå barnehagen finn vi "markane". Det er skog og myr med smale stiar. Denne gruppa har funne seg ei passe lang sløyfe for dei korte beina. På vegen møter dei ulike utfordringar som røtter og berg, og dei rekk å undre seg over forskjellige saker undervegs.

Rørstadmarka barnehage har ein innbydande natur like utføre porten, omtrent. Den likar vi å benytte oss av. Den byr på motoriske utfordringar som varierer etter årstidene. Sanseinntrykka vi får i skogen gjennom ulike lydar, lukter og endringar med dei forskjellige sesongane, gir eit fint utgangspunkt til samtalar, erfaringar og læring.

I dag gjekk Humla inn i skogen frå Ferdahaugen. Dei tok stien til høgre og fulgte den nesten så langt som der vi kan ta av mot Trollskogen. Der tok dei til venstre og tok seg fram over bruer og berg. Dei kom til ein nokså stor "myrdam" der dei faktisk lurte på om det var froske-egg dei såg. (Det har dei tenkt å gå til bake og studere nærmare ein anna dag.)

I enden av den stien er det eit litt stort "skogs-kryss. Der tok dei lunsj-pausen sin, før dei tok av mot venstre og enda nedi barnehagen igjen.

"Skogskrysset"