Sommarturen 2019

I Rørstadmarka barnehage brukar vi å markere inngangen til sommaren med ein felles tur - ein sommartur. Fordelt på to bussar tok vi oss fram til Atlanterhavsparken. Der fekk vi sjå mange slags fiskar, krabbar, sjøstjerner, blekksprut, ei utstoppa ørn, levande pingvinar, minst ein sel og to - tre otrar. Det var mange inntrykk, mykje læring og høg underhaldningsverdi!

Onsdag 5. juni var ingenting som vanleg i Rørstadmarka barnehage. Sekkar blei pakka, lister blei dobbeltsjekka og to bussar rulla inn på barnehagen sin parkeringsplass. Barnehagen var klar for årets sommartur.

Fordelt på to bussar frå Sula Rutelag AS kjørte vi frå Sula til Ålesund. Bussturen er høgdepunkt i seg sjølv, og ekstra kjekt er det at det kjem ei bussreise avslutningsvis også. Frå bussen ser alt litt anna ut enn frå det vanlege bilvindauget. Vi ser over gjerder og hekker som vi ikkje ser over til vanleg. Barna og dei vaksne pratar om det vi ser og kjører forbi. Mange kjenner igjen arbeidsplassane til foreldra sine. Andre ser butikkar dei har vore innom. Jysk, Felleskjøpet og OBS Bygg, for eksempel. Nærmare byen kjem vi forbi Color Line, vi ser Tine og to cruise-skip! I bussen har vi nok å prate om, så det summar heile vegen.

Inne på Atlanterhavsparken er det eigentleg litt kjølig og litt mørkt. Men i tankane med dei ulike fiskane er det lett å sjå inn. Vi får sjå breiflabb, sild, makrell, steinbit, pigg-skate, blekksprut, torsk, sei, hyse, lange, havål, kveite, rødspette, ulike krabbar og mykje meir.

Inne på aktivitetsrommet får vi prøve å fiske krabbe. Det gjorde vi med ei reke som var festa i enden av ei snor. Vi fekk studere forskjellige sjøstjerner, eremittkreps og sjøpølse.

På uteområdet var bassenget til pingvinane. Dei demonstrerte sine elegante svømmeeigenskapar til tross for det stabbete gangelaget dei har på land. Selane var oppe og helsa på fleire av oss, og otrane viste seg også fram.

Før vi dro tilbake til barnehagen, fekk vi med oss dykkar-showet. Her kom dykkaren inn i tanken med ein pose full av mat. Denne maten gav han til fiskane, som var veldig interessert i å få tak i denne maten. Ein guide fortalde oss på både norsk og engelsk kva for fiskar vi kunne sjå. Dykkaren avslutta med å "helse på" barna. På heimturen var barna usikre på om dei skulle bli dykkar eller bussjåfør når dei blir vaksne.