Det må innrømmast at sommarferietida er etterlengta, sjølv om det slett ikkje er slik at Sunnmøre byr på ver-gananti denne årstida. Vi håpar på nokre varme dagar med badebasseng, lette antrekk og kjekke turar til badeplassen. Så langt kan vi rapportere om kulde og surt ver, men også ekstrem varme der til og med Sunnmøringane ser seg om etter skugge.
Når det er sommartid i barnehagen, er det slik at barn og vaksne tek ferie, men ikkje alle til nøyaktig same tid. Det betyr at vi får fleire veker med færre folk i barnehagen, både store og små. Det betyr også at gruppene må slå seg saman, og vi får nye konstellasjonar av både små og store. Det er spennande og kjekt.
Vi har tatt bussen til Langevågen og latt oss underhalde av bibliotekaren på biblioteket. Tur til Skjeret blir aldri feil, der finn vi krabbar, tanglopper og mykje anna rart. På dei rett varme dagane har bassenget vore flittig i bruk, i tillegg til vasspreiaren. Tur til Raudavatnet er alltid populært, der er vatn og sandstrand ein sikker suksess.