"No må vi samarbeide!"

Etter to regntunge veker på nordvestlandet har det no vore periodar med opphald. Barna aksepterer at vi på grunn av fare for massivt yr må dei ha på regnklede og støvlar, men det er ei glede å sleppe å ha på hette. Utrusta med bøtter, spader og eit veleigna rør fann barna ut at båten var veleigna til å samle vatn i...

I dag har barna i barnehagen fått leike ute utan hette! Det var veldig kjekt. Vi kjenner oss godt budd på ein lengre periode utan regn, no.

Det barna likar godt med desse periodane med regn, er den stabile tilgangen til søylepyttar. I dag fann dei ut at båten var eigna til å samle vatn i. Ei gruppe barn gjekk i lag og slo fast at "Dokke! No må vi samarbeide!" Dei leita fram bøtte, eit ausekar og eit veleigna rør og samarbeidde om å få innsamla vatn opp i båten. Det er mykje læring i eit slikt prosjekt, både på det mellom-menneskelege planet og når det gjeld forståing av fysikken kring vatn.

Etter ei jobbeøkt ved båten, er det godt å kunne rulle ned marka nokre gongar.