Haustturen 2019

Rørstadmarka barnehage brukar å ta ein felles tur kvar haust. I år gjekk vi til "Trollskogen", ei lokal perle ein passe lang tur inn i skogen. Det er alltid ein suksess å tenne bål, det er veldig samlande og så får vi så mange fine spørsmål frå barna. Enda større suksess er det å lage mat på bålet, den smakar alltid kjempegodt.

Dei fleste barnehagar har ein trollskog i nærleiken, det har vi også. Den ligg i ei åpning i furuskogen med eit vatn i bakgrunnen. Der kan vi klatre på steinar, balansere på trestokkar, klatre i tre, leite etter blåbær, leike gøyme og leite, bygge hytte og mykje meir.

For å kome seg til Trollskogen må vi gå eit stykke gjennom skogen. No har det regna mykje den siste tida, så det var mange plassar det var litt vanskeleg å kome forbi utan å trakke nedi gjørma. Det er god trening for balanse, fokus og kroppskontroll når ein må balansere eller hoppe frå stein til stein. 

Kristin hadde gått opp til Trollskogen litt tidlegare enn resten av barnehagen. Ho hadde god fyr i bålet når vi kom opp. Barna er veldig opptatt av bålet. Er det verkeleg lov å tenne opp bål? Kva er det kvite som kjem opp, kvifor er det varmt, når kan ein lage mat på bålet, er det sant at ein kan slokke det med vatn, og skal det grillast Marsmellows denne dagen?

Nesten framme i Trollskogen.

Bålkos med 1000 spørsmål, 100 svar og mange gode historier frå barna.

Hektisk aktivitet på "kjøkkenet".

Klatring

Gøyme og leite!

Leik på tvers av aldersgruppene. Her er eit av dei eldste barna blitt fanga av eit mykje yngre barn.