For barna tek det ca. 7 minutt å gå frå barnehagen til gapahuken. Ein vaksen greier det på under 3 minutt. Det er i alle fall ein overkommeleg avstand, både når det gjeld turmål og å ta med seg litt utstyr. Som for eksempel bålpanne.
Denne dagen var det Humla som gjekk på tur til gapahuken, med bålpanne og ved i sekken. Barna samla seg rundt bålet, fekk vere med å skjære opp grønsaker og fisk, men bålsjefen måtte vere ein av dei vaksne. Varm lunsj på tur, kokt på bål, er alltid freistande.
Det er slik at når barna kjem opp til gapahuken så kan dei halde fram med den leiken dei hadde sist dei var der. Det er stor semje i gruppa om at berget er veleigna til å leike pirat, på. Lyngen nedføre berget er sjøen, der må du svømme eller dykke for å opphalde deg. For å kome deg ombord i båten må du klatre opp tauet. Skattane dei brukar er steiner, kongler og pinner dei finn.
Det er ikkje berre piratar som herjer i skogen ved gapahuken. Ei av jentene fortalde at ho var havfrue der ho svømte rundt i sjøen. Plutseleg kom det fleire gauper som fanga ho, men "..heldigvis blei`kje ej spist!", som ho sa.
Og så har vi klatrenota, den er alltid full av barn. Medan dei klatrar rundt i nota får dei trent balanse og koordinasjon.
Ein tur til gapahuken er godt for heile kroppen!