Kvar haust, litt etter oppstart av nytt barnehageår, held barnehagen foreldremøte for alle føresette i barnehagen.
Først samlast vi på kjøkkenet. Der går vi gjennom litt informasjon som er aktuell for alle avdelingane. Personalet vil bli presentert, det kan vere greitt å sjå kven som jobbar ved dei ulike avdelingane. Barnehagens eigarstyre vil få høve til å seie litt om deira verv.
Etterkvart går ein avdelingsvis, det vil seie at føresette går til den gruppa der barnet deira høyrer til. Her vil det bli gitt informasjon som er aktuell for dei ulike gruppene.
Då sjåast vi tordag 20. september. Velkommen!