Påskekyllingar 2020

I Rørstadmarka barnehage brukar vi å ruge ut kyllingar til påske. Denne påska er ikkje noko unntak, sjølv om Covid 19 har lagt ein dempar på opplegget. Mandag og natt til tirsdag har det blitt klekka ut 5 kjempesøte kyllingar. Vi trur at alle dei har same far og kjem frå Skjervane på Fiskarstranda. Den aller siste kyllingen, nr 6, kom til verden no i ettermiddag.

Midt i mars blei alle barnehagane i Noreg stengt på grunn av det slemme viruset Covid 19. Dette har resultert i ei stille rugetid for kyllingane våre, men dei har det første døgnet faktisk vore ganske aktive på Facebook.

Termin for klekkinga var eigentleg i dag, 31. mars, men den første kyllingen hakka seg ut av skalet sitt allereie i går. Dei 5 første kyllingane har flytta på eigen hybel, og nyttar tida no til å bli kjend med kvarandre og planlegge framtida. Dei er også velkomstkomitè for dei kyllingane som kjem til etterkvart.

Etter endt opphald i barnehagen, er planen å flytte til Vigra.