Men dette året har til og med dei vanlege 17. mai-arrangementa i Noreg blitt heilt forandra på grunn av dei nasjonale smittevernstiltaka under den pågåande Korona-pandemien. Barnetoga i bygdene skulle ikkje gå som vanleg, ei heller dei tradisjonelle markeringane i rundt omkring.
Barnehagen har også sine begrensingar med kohortar, faste vaksne med dei same barna og reinhald av felles berøringspunkt, men no vart det viktig at prøve-17. mai blei gjennomført. Men reinhaldsutstyr på baklomma leia den vaksne sin kohort gjennom dei forskjellige leikestasjonane. Det var ball i bøtte, tautrekking, sette hale på grisen, sykkelløp i rundkjøringa, potet-løp og meire til.
Etterpå var det pølse og is.
Vi trur at dette året overgjekk feiringa i barnehagen den offisielle 17. mai-feiringa i bygdene på Sula!