Dei første dagane etter sommarferien er det alltid litt ekstra spennande i barnehagen. Dei aller eldste barna er gått over til skulen, og dei som no er eldst må finne ut av korleis dei skal gjere det. Nokre barn har begynt på ei ny avdeling, og andre har kanskje begynt i barnehagen for første gang.
Det er mykje nytt for mange, og mykje å finne ut av. Kven er det for eksempel som spring raskast i barnehagen no? Er det slik at det framleis er racer-sykkelen som er den beste? Og korleis er det med brann-stanga i klatrestativet, er det no mogleg å kome seg ned slik brannmann Sam gjer det?
Dei som er heilt nye i barnehagen kan få heilt sjokk over kva foreldra har funne på no. Kvar dag i barnehagen, altså? Dei treng tid til å erfare at barnehagen er ein god og trygg plass å vere, og at foreldra kjem tilbake - kvar dag!
Vi som jobbar i barnehagen gjer det vi kan for å skape gode dagar for barna, kvar dag. For å få til det, må vi bruke "heile oss" i samtale, kreativitet, forståelse, forhandling, leik, humor og fang, for å nemne noko.