Godt nytt år!

I Rørstadmarka barnehage gledar vi oss stort over rim, frost, litt snø og ikkje minst treffe igjen alle gode venner etter ein lang juleferie. Nødvendig utstyr blir leita fram: Spade, bøtte, snøskuffe, lastebil m.m. Barna er klare for ein ny dag med leik, fysiske utfordringar og nye spor i "minnebanken". Slike dagar går påkledning i garderoba raskt!

Det er fint å starte det nye året med så mange gøye ting å finne på. Minusgrader gir rim og masse "sukker" som kan skrapast av frå alle overflater. Det er også nok snø til å fylle snøskuffa, spa opp i bøtter eller ake i akebakken. Det går også an å male på snøen.