4- og 5-åringane er på tur og kunstgrasbana lokkar på dei aller yngste i barnehagen. Om og om igjen leikar Ingunn og barna "bjørnen sover". Nokre av barna synest det er utruleg kjekt å vere bjørn. Dei går tungt inn i rolla, anten bjørnen søv eller den har blitt vekt.
Øving og leik med kjente regelleikar gir barna kunnskap og tryggheit i slike situasjonar. Regelleik er dessutan ein god støttespelar i språkopplæringa.