Sol i akebakken!

I Rørstadmarka barnehage kosar barna seg med pudder-snø i akebakken. Ekstra fint blir det når sola tittar fram. Med høgt energiforbruk, stor fart og mykje glede akar barna seg gjennom barnehagedagen.

Rørstadmarka barnehage har ein flott akebakke inne på uteområdet sitt. Den siste tida har det kome mykje snø, og med dagleg dose kuldegrader får vi behalde snøen, også.

Med akematter og god grunnutrustning (dress, skotøy, hue og vottar) kan barna halde det gåande ein heil dag i akebakken. Farta blir tilpassa etter kor langt opp i bakken dei går før dei startar på nedturen. Barna pratar og ler, lagar avtalar og reglar, dei utfordrar seg sjølv og prøvar nye ting. På slike dagar smakar det ekstra godt med lunsj!