Årets påskekyllingar

I Rørstadmarka barnehage har vi gjort det til ein tradisjon å ruge ut kyllingar til påske. Vi har kontaktar i høne-miljøet i nærområdet, og har eiga rugemaskin. Etter endt opphald i barnehagen, drar kyllingane vidare til sin nye heim.

I år har vi henta egg fra ein hønsegård på Fiskarstranda og frå ein på Vigra. Barna i barnehagen fekk vere med på å legge egga i rugemaskina. Etter 21 døgn var det forventa klekking.

Dette kullet har hatt eit utfordrande "svangerskap" med eit lengre straumbrot tidleg i rugetida, og synkande temperatur i rugemaskina dei siste dagane på grunn av ei dårleg kontakt. Ei ny rugemaskin kom på plass i siste liten, og sørga for ein god og stabil temperatur dei siste dagane. 

Etter mykje spenning var det stor glede da desse to kyllingane hakka seg ut av egget sitt. Barna og personalet har tatt imot kyllingane med stor begeistring. Dei har fått seg eigen "hybel" med varmelampe, dei har fått i seg ein matbit, og dei har til og med fått blitt med på ei bursdagsfeiring i barnehagen!

God påske!