Turane til Skjeret er kjekke, både for små og store. Det er litt langt å gå for korte bein, men det er så mykje kjekt å sjå på og prate om på vegen at vi er framme før vi veit ordet av det. Det er ein del trafikk langs bilvegen, det gir oss mange samtaleemner. Rett som det er kjøret det forbi einkvann vi kjenner, også. Traktorar og lastebilar får vi ofte inspirert til å tute.
Vidare gjennom boligfelt ser vi husa til folk vi kjenner. Kven er det som bur i husa, farge, bilar utføre husa, heimekontor - kva er det? Rett før vi er framme må vi over ei mark. Der der det kjekt å springe!
Nede på Skjeret er det ei lun bukt, og langs fjøra finn vi alltid mykje spennande. Sneglar, krabber, eremittkreps, tanglopper, fine steinar, glasbrot og søppel. Dyra samlar vi opp og studerer - før vi slepp dei fri. Søppelet samlar vi opp - og tek det med tilbake og puttar det i søppeldunken!