Haust-pust i august

Sommaren 2021 er i ferd med å takke for seg. I barnehagen synest vi det kan vere litt artig, sjølv om sommaren er ei fin tid. Søylepytt er ei verdifull råvare. Med leik og mykje moro har vi gitt oss i kast med barnehageåret 2021/2022.

I barnehagen er august ein månad der mykje skal finne sin nye plass. Fleire av barna, og nokre av persoalet, skal bytte avdeling. Det er litt rart. I tillegg er det mange barn som har sitt aller første møte med barnehage, det er i alle fall litt rart....

Velkomen til nytt barnehageår!