På jakt etter skrukketroll

I dag gjekk heile gruppa på Bikuba ut på tur på jakt etter skrukketroll. På førehand hadde dei gått gjennom korleis eit skrukketroll ser ut og kvar dei kan rekne med å finne dei. I skogen ved gapahuken leita dei fram fleire skrukketroll. Og nokre andre småkryp også.

På Bikuba har dei gått grundig inn i temaet skrukketroll. Dei har hørt om dyret og sett bilder. Nokre av bilda framstod nesten litt skremmande, sidan det var forstørra opp til A4- format. 

Barna har lært om at skrukketrollet har fleire namn, det kallast til dømes vaskekone. Skrukketrolla er grå på farge, kryp på bakken og vil helst halde seg under ein stein eller liknande.

I gapahuken fann dei skrukketroll i tillegg til andre små kryp som dei fekk studere.

Bikuba hadde ein kjekk tur med opphaldsver, godt humør og mykje artig leik. Lunsjen spiste dei inne i gapahuken.