Med august startar det nye barnehageåret, og kjempemange barn kjem tilbake til barnehagen etter ferien. Medan dei vaksne les vermeldinga og sjekkar at alle har støvlar og strikk i regnbuksa, kan barna knapt vente på å springe ut til ferske søylepytter med gamle vennar. Kva kan vel måle seg med å sykle fort gjennom ei søylepytt med ein god venn bakpå sykkelen? Eller hoppe i ei søyle i lag med gode vennar?
Etter sommaren er det også kjekt å gå gjennom gøymestadane som var her før sommaren, friske opp klatreferdigheitene og finne ut om nokon har begynt å springe fortare i løpet av ferien.
Med august kjem det alltid nye ting å bli van med: Nye barn i barnehagen, nye grupper, ny avdeling, nye klede, nye vaksne, og kvar har det blitt av dei eldste? SFO? Er det sant?
Vi ønsker alle ein fin august i Rørstadmarka barnehage!