Med bittelitt sirene og blålys kom brannbilen inn til barnehagen. Barna hadde høge forventningar til den kjempestore bamsen, og dei blei absolutt innfridd! Bjørnis og dei andre brannkonstablane hadde med musikk og viste fram fleire dansenummer. Å danse er heilt klart det kjekkaste Bjørnis veit om, nest etter å slukke brann.
Dansetrinna var kjent for mange av barna, så dei dansa med. Vi kunne sjå det rykka i dansefoten til personalet også.
Besøket blei avslutta med "high-five", blålys og bittelitt sirene. Tusen takk til Sula brannvesen!