I Rørstadmarka barnehage har vi blitt kjent med Klatremus, Petter Pinnsvin, Bestemor Skogmus, Bamsefar og alle dei andre dyra som bor i Hakkebakkeskogen. Det viser seg at Bamsefar fyller 50 år omtrent på denne tida, og det har vi feira i dag.
Alle barna har hatt med seg ein bamse til barnehagen. Vi har kasta bamse i boks, hatt bamse-disco, teikne-stasjonar og ikkje minst Bamsesjukehus. Sjukehuset hadde venterom og ein kompetent medarbeidar som organiserte kø-systemet. Og vår eigen Bamse-doktor som kunne fikse dei fleste skadar som bamsane hadde pådratt seg.