Vi har hatt is overalt på barnehagen, kjempelenge. Både fotballbane, sandbassenget, sykkelbana og til og med parkeringsplassen har vore islagt. Med stålis. Regn og mildver fekk den ikkje bort, da blei det berre ekstra glatt. Medan dei vaksne har strødd, har barna mora seg med å gli på isen, og leite etter basseng med vatn som samla seg oppå isen her og der.
Så no er det ei stor glede for alle å endeleg kunne ta ibruk leikeplassen slik den er meint. Barna kan lage vegar i sanden, bruke sand i sandkaker, dei kosar seg på vippa og vurderer å sparke litt ball på fotballbana. Klassisk votte-hjelp og vippefart blir gitt av dei vaksne.