Kong vinter er på besøk!

Vi veit ikkje kven som blei mest overraska i dag, barna eller dei vaksne. Men i dag blei det i alle fall plutseleg full vinter! Så da var det berre å leite fram vinterdress, hue, vottar og gode vintersko.

Snøen har virkeleg lava ned, så akebakkane blei klare i løpet av natta. Med akematter får barna kjenne på fart, spenning og meistring. Med skrekkblanda fryd kjenner barna på fart og meistring, kombinert med ein viss risiko.

I følgje Ellen Beate Sandseter (DMMH), som har forska på risikofylt lek i barnehagen, aukar mellom anna slik aktivitet barnets kompetanse i meistring og vurdering av risiko som det kan støte på seinare i livet. Ho kategoriserer risikofylt leik slik: Lek (1) med stor høyde, (2) med stor fart, (3) med farlige redskaper, (4) nær farlige elementer, (5) kamp- og brytelek, og (6) forsvinne/gå seg bort-lek.

https://www.utdanningsnytt.no/barnehage-pedagogikk/mestring-og-risikofylt-lek-i-barnehagen/145572