Tradisjonen med å ruge ut egg i Rørstadmarka barnehage har ikkje latt seg stanse verken av strømstans, slappe hanar eller Korona. Vi har klart å få fram nokre kyllingar kvart år. Årets egg har vi fått av kjentfolk i bygda som har høner og hane. Etter endt opphaldstid i barnehagen skal kyllingane etter kvart få bli med i ein høneflokk på Valehaugen.
Barna har fått vere med på å legge egg i rugekassa, og erfart at 21 dagar er ganske lenge. Når kyllingane hakkar eller sagar seg ut av egget med eggetanna si er dei våte og ser ganske pjusk ut. Men når dei tørkar og duna blir «fløffi» blir dei skikkeleg skjønne!
I år har vi fått sju søte kyllingar, i alle fargar (brune, svarte og gule). Kyllingane pip, er mjuke å ta på, har nebb, litt harde bein og bæsjar utan forvarsel. Prosjektet med kyllingane introduserer barna for mange nye ord og begrep, og det startar mange gode refleksjonar og samtalar mellom barna og dei vaksne. Vi pratar, peiker, kjenner og set ord på «her og no», og brukar bilder og minner til å snakke om det i ettertid som «der og da». Her skjer det mykje læring!