Kyllingane har fått ny adresse!

Barna har kome godt i gang med kvardagen etter den lange påskeferien. No har vi brukt litt tid på å finne ut kvar kyllingane har flytta – dei bur ikkje i barnehagen lenger.

Heilt frå starten har vi visst om at kyllingane skulle flytte heim til Kristin si mor etter at dei var ferdige med si tid i barnehagen. Men no var det på tide å inspisere den nye heimen deira. På ein liten plass med korte avstandar er det veldig kjekt å kunne gå dit på eigne bein.

Etter ein passe lang tur kom vi til leikeplassen på Glenna. Derifrå tok vi oss fram  «over haugen», bak leikeplassen. Der fann vi ein liten hønsegard med nokre høner, ein flott hane og ein katt. Hanen gol «KYKKELIKY!» alt han kunne, og vi undra oss over at hønene syntes at løvetann-blad var godt.

Inne i hønsehuset har kyllingane sin eigen hybel. Kyllingane har vokst mykje, og fått lang hals som eit av barna påpeika. Det var gøy å helse på dei igjen.