Sommarturen 2023

Vi har vore på sommartur til Atlanterhavsparken! Og der har vi altså fått så mange inntrykk og lært så mykje! Kven skulle tru at oteren er så flink å svømme? Eller at kråkebollane har ekte piggar? Eller at blekkspruten har så mange sugekoppar? Eller at sjøstjernene eigentleg er ganske harde? Eller at det faktisk finst sjøpølser? Eller at det kjem bobler ut av dykkaren?

Rørstadmarka barnehage har brukt å reise på ein felles sommartur på slutten av barnehageåret. I år var det Atlanterhavsparken i Ålesund som blei turmålet. 

Bussturen er i seg sjølv eit mål. Vi sit såpass høgt og ser så mange ting det er spennande å prate om. Turistar og cruise-båtar, for eksempel, og dei andre store båtane vi såg når vi kjørte gjennom byen. Kva skal til for å vere ein turist, eigentleg? Her var det mange tema vi kan prate om lenge etter turen er ferdig.

Inne på Atlanterhavsparken fekk vi sjå på når otrane fekk frukost, og i bassenget ved sidan av svømte selane rundt. Pingvinane held også til i same område. Det viser seg at alle saman har fisk som sin favorittmat.

I bassenga inne kunne vi studere mange ulike fiskeslag. Det var overraskande at torsken var så stor, og at haien var såpass liten. At flyndra var så flat og at kveita var så diger. At steinbiten låg heilt stille og at silda var så rask.

Livet på sjøbotn er mangfoldig. I aktivitetsrommet med dyr fekk barna prøve å ta på og halde ulike sjødyr. Det var rett før Jorunn fekk tilbod om fast jobb…

Barna har fått så mange nyttige erfaringar denne dagen. Dei har fått kunnskap som ikkje kan formidlast gjennom andre medium. Oter, sel, pingvin, torsk, dykker, kråkebolle, krabbe, hummer, sjøstjerner og eremittkreps har brått blitt mykje meir enn eit bilde i ei bok.