Rørstadmarka barnehage 20 år!

For kjempelenge sidan var det ei gruppe foreldre på Fiskarstranda som slo seg saman og bestemte seg for å etablere ein barnehage her i bygda. No 20 år seinare har vi fremdeles eit engasjert styre som ser til at 55 barn har eit barnehagetilbod ved Rørstadmarka barnehage.

I dag har vi feira bursdagen til Rørstadmarka barnehage med bursdagssang til barnehagen, bursdagsaktivitetar for barna, pizza (fra Pizzabakeren) og kake (frå 6 -7 frivillige foreldre, TUSEN TAKK!)

Barnehagen har vi pynta med ballongar, flagg, lys, vimplar, plakatar og konfetti. Det er ingen tvil om at det foregår feiring her i dag. Inne i barnehagen kunne barna gå mellom ulike aktivitetar som ansiktsmaling, disco, maske-verkstad, tatoering eller ordinær leik med dukker og duplo.

Litt eksotisk var det å få besøk av Odd frå Sulaposten. Han trudde nesten ikkje at det kunne vere 20-årsjubileum, sidan han dekka opning av barnehagen for 6-7 år sidan😊. Han prata med barna og dei vaksne, tok nokre bilder og gleder seg til å skrive om oss i Sulaposten.