I Rørstadmarka barnehage har vinteren gitt oss ein fin ski- og akedag. Her var det mange julegaver som fekk god gli i dag. I akebakken var det full aktivitet heile dagen. Nede på flata var det mange av dei yngste barna som hadde eit litt rolegare tempo der dei blei dratt rundt på akebrett eller kjelke. Dei eldste barna såg dette som ei viktig oppgåve.
Det var også mange som hadde med seg ski. Nokre hadde gått på ski før, andre prøvde for første gang. Med Jorunn i spissen blei det trakka opp ei fin skiløype rundt barnehagen. I løpet av dagen blei det mange gode rundetider der.
Andre barn var mest interessert i bålpanna på utsida av gjerdet. Nygrilla pølser smakte godt denne dagen!