Med egg frå lokale hønsehus har vi lagt egg i rugekassa vår. Barna fekk vere med å legge egg i rugekassa, og har dei siste tre vekene jamt vore innom kontoret for å sjekke om det har skjedd noko. Barna og dei vaksne har lytta etter piping og sett etter om det har klekka ut kyllingar. Men det har gått treigt....
Men i DAG skjedde det! Barna har sett sprekker og hull i egga. Nokre har sett at det har bevega seg inni hullet. Og nokre av barna fekk til og med sett ein kylling hakke seg heilt ut av skalet sitt.
På slutten av dagen har seks av kyllingane flytta inn i eigen hybel på badet. Vi gler oss til å bli betre kjent med kyllingane denne veka. Når dei er ferdige med sitt opphald i barnehagen skal dei flytte til ein hyggeleg familie på Vigra.