På Atlanterhavsparken fekk vi tatt i bruk heile sanseapparatet vårt. Vi fekk sjå fiskar svømme og krabbane krabbe. Pingvinane var vel det dyret som vi kunne høyre mest ifrå, men vi høyrte (og såg) også ein liten «mini-traktor» som rydda ved oterbassenget. I sanserommet fekk barna kjenne på det kalde sjøvatnet, og ta på både skjell, sjøpølse, sjøanemone og eremittkreps. Nokre lurte seg til å smake litt på sjøvatnet også.
Sist, men ikkje minst, fekk vi vere i lag og hatt gode felles opplevingar. Inntrykk og erfaringar fekk barna dele med gode venner og vaksne som dei er trygge i lag med. Gapskratting mellom barna som spring gjennom «tareskogen» i aktivitetsrommet er verdifull relasjonsbygging.