Heile barnehagen på hausttur

Torsdag 18. oktober 2012 pakka vi med oss bålgryta, friska opp knutane frå "taubrukurset" og gjekk på tur med heile barnehagen til "Trollskogen". Der kosa vi oss stort med balansering på tau, eting av pølser og leik i skogen.

Kvart år tek Rørstadmarka barnehage seg ein felles tur litt utpå hausten. "Trollskogen" er eit av turmåla i skogen barnehagen nyttar seg av ofte gjennom heile året. Det er innan rekkevidde også for dei minste. Årets hausttur blei lagt til Trollskogen.

Over bål kokte vi pølser til barna. Det å kjenne varmen frå bålet og høyre knitringa av ved som brenn, gir ei ekstra stemning til turen. Pølsene smakar ekstra godt, også.

Nokre frå personalet har vore på "taubrukurs", ei taubru består av to tau, eit til å gå på og eit til å halde seg i. Vi fekk spent opp taubruene mellom nokre tre, og både små og store fekk noko å bryne seg på. 

Vi hadde ein kjekk tur.