Nytt barnehageår!

August er månaden for overgangar for mange barn. "Avgangsbarna" har sagt farvel til barnehagen og er klar for skulen. Dei ledige plassane fyllast nye barn som lurer på kva "barnehage" går ut på, og spente foreldre som håper barna skal finne seg til rette her hos oss. Og så har vi dei som berre kjem tilbake etter ferien og synest det er godt å kome tilbake til kvardagen igjen.

I Rørstadmarka barnehage er vi klare til å kome i gang med det nye barnehageåret. 

Dei første vekene er det mykje nytt, særleg for dei som aldri har gått i barnehage før, men også for dei som byttar avdeling eller kjem frå ein annan barnehage. Vi skal gi alle tid og rom til å bli kjent og trygg.

Barna som er tilbake frå ferie nyt dei fine sommardagane, leikar seg og har det kjekt med sine vennar i barnehagen.