Tøyveskebibliotek i Rørstadmarka barnehage

I Rørstadmarka barnehage har vi forstått at å lese høgt for barna er superviktig. Kontakta mellom den vaksne og barna i desse stundene er viktig for å ivareta den sosiale relasjonen, godt for den emosjonelle kontakta og ikkje minst med tanke på barnet si eiga lese- og seinare skriveutvikling. Vi var derfor ikkje seine å be når biblioteket søkte etter barnehagar til dette prosjektet.

Biblioteket i Sula er i gang med eit prosjekt dei kallar for «tøyveskebibliotek», og Rørstadmarka barnehage har blitt plukka ut som samarbeidspartnar til å prøve ut denne ordninga. Det barnehagen skal stille med er ei knaggerekke med plass til 10 tøyposar og ei velvillig innstilt personalgruppe. Vi kunne stille med begge deler.
 
I ein hektisk kvardag kan turen til biblioteket bli lang for småbarnsforeldre, men den verdifulle tida med høgtlesing for barnet i armkroken eller på sengekanten må ikkje gå tapt. Med denne snertne utlånsordninga skal det vere veldig enkelt å gjennomføre.
 
Kvar avdeling i barnehagen har fått utdelt 10 tøyvesker med tre barnebøker i. Kvar pose har ulike bøker, og er tilpassa alderen til barna på avdelinga. Foreldra skriv seg opp på låneliste med namn, posenummer, utlånsdato og innleveringsdato etter ei veke.
 
Målet er å få fleire foreldre til å lese høgt for barna sine!
 
Sula bibliotek har mykje spennande føre seg. I tillegg lesestund for barn (den første er allereie lørdag 5. oktober), så har dei lesestund for vaksne, bokmerkeverkstad, språkkafè og mykje meir. 
 
Gi Sula bibliotek gjerne eit digitalt besøk på deira heimeside.