Bjørnis-besøk i barnehagen

I barnehagen har vi jobba med brannvern den siste tida. Det var derfor veldig kjekt at brannbamsen Bjørnis tok turen til Rørstadmarka barnehage. Han hadde med seg to brannkonstablar, bra musikk og kom i ein ganske stor brannbil.

Barna var heilt klare til å ta i mot Bjørnis i barnehagen i dag. Mange av barna har sett han på TV, nokre har sett han på brannstasjonen og nokre kan hugse at han har besøkt barnehagen før. Med blålys, litt sirene og eit par klemt i fløyta rulla brannbilen inn på parkeringsplassen til barnehagen.

Bamsen er primært utvikla for å møte barns behov for omsorg og tryggheit ved ulykker og ved traumer, men skal også brukast for å vekke barns interesse for førebyggande brannvernarbeid. I dag benytta Bjørnis seg av fengande musikk og jobba med å bygge tillit hos barna. Mange av barna fekk helse på han på nært hald, og nokre syntes det var nok å studere han på passe avstand.

Tusen takk til Sula brannvesen!