Første adventsamling i barnehagen

Det er grålysning og vi har samla alle barna til ei felles samling på kjøkkenet. Det er tida for vår første adventsamling!

Kvar fredag fram mot jul har vi ei felles adventsamling i barnehagen. I dag var det Bikuba som hadde samlinga som handla om advent. Vi fekk høre at advent handlar om å vente, om gåver vi lagar, kaker vi bakar, gjestar som kanskje kjem på besøk og som vi ventar på og ulike kalendrar med tal på som på eit vis skal korte ned ventetida.

Dei eldste barna hugsa frå tidlegare år at vi tenner adventslys, får på lyset på juletreet og syng julesangar. Dei litt yngre barna syntes det var eit festleg og interessant arrangement som dei heiv seg med på. Og dei heilt yngste barna på Marihøna satt heilt stille og lot seg begeistre og underhalde.

Førjulstida er offisielt i gang!