Er det klaaaart?

"Eg høyrer og gløymer, eg ser og hugsar, eg gjer og forstår" kan vi lese i årsplanen vår. Barna i akebakken gjer seg mange viktige erfaringar om snø, kulde, fart, sosiale reglar og enda mykje meir.

"E DE`KLAAAAART?" ropar barna høgt før dei set avgårde ned akebakken på. Dei har lært at dei må vente på svar før dei kan begynne å ake. Dei kan ikkje ake før den som aka før dei har gått ut av løypa. Med hyl og latter susar dei ned bakken i stor fart, før dei fortar seg opp til toppen av bakken igjen. Den vaksne i botn av bakken hjelp til med administrasjon og dirigering av trafikken.

Det store snøfallet på Sunnmøre den siste veka, etterfulgt av skikkeleg kulde, har gitt rom for utviding av kunnskap og erfaring både for store og små. Medan dei vaksne har streva med nedfrosne bilar og forsvunne isskraper, har barna fått lære om djupsnø, hardpakka snø og fart i tillegg til kjennskap med neglebit…

Neste veke har vi forstått vi skal lære meir om kva som skjer med snøen når det regnar mykje på den.