I god tid før påske la høner rundt omkring på Sunnmøre egg som skulle rugast ut i rugekassa som vi har i barnehagen vår. Det er snakk om lokale høner frå Fiskarstranda, høner frå Vigra og nokre fine høner frå Tennfjorden. Tirsdag 18. mars fekk barna vere med på å legge egga forsiktig ned i rugekassa.
Styraren i barnehagen har passa nøye på at temperatur og luftfugtigheit var rett, og etter 21 dagar hakka dei første kyllingane seg ut!
Kyllingane har blitt godt kjent med barna i barnehagen, og dei har også fått helse på mange av foreldra. Under barnehagens påskefrukost jobba kyllingane på skift med å underhalde alle saman.
Når kyllingane er ferdig i barnehagen skal dei flytte til Tørla i Ålesund der hyggelege folk med eit nytt hønehus ventar på dei.