I barnehagen har vi arrangert generalprøve til nasjonaldagen 17. mai! Med flagg og korpsmusikk ut frå høgtalarane toga vi avgårde. Vi passa på å rekke friminuttet kl. 10 ved Rørstadmarka skule, det er kjekt å ha nokon å vifte med flagget til.
Tilbake på barnehagen har vi spist pølser og is, og hatt 17. mai-leikar.
Vi gler oss til den ekte 17. mai, då skal Rørstadmarka barnehage gå i ekte tog som er skikkeleg langt, i lag med Måseide barnehage, alle elevane ved Rørstadmarka skule og med ekte korpsmusikk. Folketoget startar ved Måseide barnehage og tråklar seg bort til Rørstadmarka skule.
HURRA!