Ein buss full av spente barn rulla ut frå Rørstadmarka barnehage denne morgonen. Mange har besøkt Atlanterhavsparken før, for andre var dette heilt nytt.
I bussen er det store vindu og sit barna høgt, her ser dei mykje meir enn på ein vanleg biltur. Kven skulle ha trudd at det var så mange maskiner og ulike kjøretøy i sving i arbeidet med den nye vegen på Lerstad? Gravemaskin, dumper, traktor med tilhenger og så vidare. Inne i Ålesund sentrum såg vi store cruise-båtar, og endatil møtte vi Thomas-toget!
Barna hadde høge forventningar til både hai, oter og dykker på Atlanterhavsparken, og det innfridde! Pingvinane viste kor flinke dei er til å dykke og selane demonstrerte opp-ned-svømmimg i bassenget sitt. På aktivitetsrommet fekk barna prøve å fiske etter krabbe med reker til agn, eller halde sjøstjerner og studere kamskjel. Vi var også oppom den meir tekniske avdelinga der barna kunne sjå i kikert, dreie på lykkehjul for å finne ut kva yrke dei kom til å ende opp i, eller prøve å bevege seg som fisk gjennom «tang-rommet».
Full av inntrykk vendte vi snuten heimover igjen, gravemaskinene jobba fremdeles.
Takk for turen!