Gjennom heile sommaren har potetene, som barnehagen fekk vere med å sette i vår, fått vekse seg store. Og no kom dagen for å hauste potetene!
I lag med dei vaksne på avdelinga tok barna vegen gjennom «markane» ut til Djupvika. På vegen møtte vi nokre flotte sauar, og på stien i skogen fann vi ei død skogsmus. Og brått var vi framme ved busstoppet i Djupvika, nesten heilt framme.
Med greip, spade og hender fekk vi opp mange fine poteter frå jorda som vi samla i bøtter og spann. Tenk at potetene vi satte i vår har blitt til så mange nye poteter!
Vi fekk også prøve dissene som var hengt opp i hagen, og det går rykter om at barna fekk kvar sin is også…
Med sekken full av poteter, som dei vaksne måtte bære, gjekk vi langs fortauet tilbake. Med aktiviteten «få lastebilen til å tute» gløymde barna litt av dei slitne beina som hadde gått så langt denne dagen.
Potetene blei det laga middag av dagen etter, potetmos og kokte poteter, fiskekaker og brun saus, noko dei fleste barna syntes smakte godt.