Nokre av barna kjente lukta av bål lenge før dei kom til skuleplassen. Og mange blei så svoltne på grilla pølser at beina nesten ikkje kunne bere dei heilt fram. Dei som var med for første gang blei overraska over å finne den Fishermans Friend-aktige styraren som bålsjef i skogen, over eit heilt ekte bål. Og ingen hadde tenkt over at eit bål kunne ha bruk for parasoll.
Med sine kjempehøge furutre og barnåldekte skogbotn er det skikkeleg fint å leike i Trollskogen. Det var bygging av hytte med greiner, balansering på steingjerde, jakt på pinner og generell springing. Nokre av barna hørte på bøker som blei lest høgt og andre samla seg rundt bålet medan dei venta på at bålet skulle bli klart til matlaging.
Ein slik tur gir unike erfaringar og djupare innhald til ord og begrep. Bål gir røyk, lagar varme, sender gnistrar og har ein spesiell lyd om ein lyttar. Rundt flammane som dansar i bålet oppstår ei heilt spesiell ro som gir mange gode samtalar.
Ekstra kjekt var det å få hjelpe til med å slukke bålet med vatn som var igjen på eigne drikkeflasker :)






