Bjørnis-besøk i barnehagen!

Etter ein periode med fokus på brannvern i barnehagen, var det veldig kjekt å få besøk av den nasjonale brannbamsen Bjørnis. Den store bamsen hilste på alle barna, og etterpå fekk vi sjå kva utstyr som er med i brannbilen.

Barna har den siste tida lært mykje om brannvern i barnehagen, hatt brannøving, prata om brann og lest bøker om brannbamsen Bjørnis. Mange hugsar også bålet vi hadde på haustturen, og dei mange samtalane rundt bålet med Kristin som var bålsjefen den dagen.

I dag hadde vi invitert sjølvaste Bjørnis til barnehagen, og forventningane var høge! Barna samla seg på det beste utkikkspunktet og oppdaga blålysa mellom trea i god tid. Bjørnis er faktisk ganske stor og fylte nesten halve frontruta til brannbilen.

Bjørnis og dei kjekke brannkonstablane tok seg god tid til å helse på alle barna, vise fram alt fantastisk utstyr som finst i brannbilen, og dei rakk til og med ein dans med barna før dei måtte dra.

Takk for besøket!