ENDELEG er det nok snø i akebakken på barnehagens uteområde til å leite fram rumpebretta. Frå toppen av akebakken får barna kjenne på skrekkblanda fryd der dei susar ned bakken i full fart. Det gir meirsmak, vegen opp igjen til toppen av bakken går lett og ingen ser at nesten all snøen blir aka bort.
Med spenning og utsikter til ny meistring har barna ein eigen drivkraft etter å halde det gåande i sånn type leik. Dei utfordrar seg sjølv, kjenner på eigne grenser og lærer å vurdere og regulere etter eigne ferdigheiter. Dei lærer fort at dei justere farta etter kor dei startar å ake, for eksempel. Og kjenne på spenning og meistring når dei går litt høgare opp.
Snømåkene er også kjekke å jobbe med. Med dei får dei effektivt fjerna snø frå vegen og kjenner på at dei gjer ein innsats for fellesskapet i barnehagen.
Den kramme snøen er enkel å forme med. Med litt hjelp frå dei vaksne byggast det snøborg. I samarbeid lagar dei perfekte mursteinar som dei bygger med.
Styrar-Kristin er spesielt fornøyd med portrett-snømannen som er laga på fotballbana!





