Nissefesten 2025

Nissefest i barnehagen er gøy! Da får små og store kle på seg nissete klede og vere nisse for ein dag. Og så nissar vi i lag heile dagen med nissesamling, nissegrøt og veldig gjerne eit nissebesøk frå den ekte julenissen.....

I dag har det vore høg nissefaktor i Rørstadmarka barnehage, vi har hatt årets nissefest!

Pynta med nisseluer og nissete klede var små og store i barnehagen klare for ein skikkeleg nissefest. Med stor iver har vi sunge julesangar og gått rundt juletreet.

Dei yngste barna lytta med forundring til Sofie sitt eventyr om dei tre nissane som skulle til seters for å ete nissegrøt. Trollet som budde under brua lot dei passere ettersom han også kunne få seg ein tallerken nissegrøt. Dei eldste barna fekk høre ei meir tradisjonell historie om ein liten nisse som gav gåver til smådyra.

Rett før barna fekk servert sin eigen nissegrøt kom sjølvaste julenissen på besøk i barnehagen! Velkomsten frå barna varierte frå skepsis til glede og jubel. Han hadde med seg ei lita nissegave til alle barna. Det var veldig kjekt.