Vintertur til Mauseidvågen

Rørstadmarka barnehage ligg så fint til med mange turmål i nærområdet. Og av og til er det vegen som er målet. Med 1000 ting å prate om, fint føre og gode vennar har vi i dag gjort ein lang tur artig og meiningsfull.

I dag har vi tatt turen til Måseide barnehage, vi skulle sjå etter kjentfolk.

På veg til gjekk vi langs fortauet og forbi hamna. I sjøen fekk vi sjå ei and som dukka etter mat, ho klarte å halde pusten kjempelenge! Langs vegen såg vi alle slags kjøretøy, nokre med kjentfolk inni.

Etter å ha helsa innom Måseide barnehage tok vi skogsvegen tilbake til Rørstadmarka barnehage. Denne vegen hadde mindre trafikk, men vi fekk studert ei gravemaskin som jobba. Inni skogen var det heilt stille, berre nokre nissar vi kunne helse på her og der. I Raudavatnet låg der ein liten, fin båt som hadde frose fast! Kva kan ha skjedd her?

Dette var ein fin tur der vi fekk trimma både beina og snakketøyet. Den beste læringa skjer undervegs når vi får undre oss, sette ord på det vi ser, tenke på kva vi har sett før og ikkje minst den sosiale relasjonsbygginga som skjer mellom dei som fekk dele denne turen.

Takk for turen!