Vinteren på Sunnmøre kan vise seg i ulike drakter. Etter ein lang periode med kulde og barfrost har vi plutseleg kjempemykje snø! Det var veldig gøy, for da blei mogleg for Herr Snømann å besøke oss i Rørstadmarka barnehage.
Med god hjelp frå dei vaksne laga barna ein stor snømann. Armane er greiner frå furutre, augo er furukongler, nasen er visst ein barkebit og munnen er småkongler frå svartora. Håret har han fått frå ei einebærbusk, med innslag frå furu. Frakken er malt på.
At snøen er så kram og lett å forme skal barna snart få erfare heng saman med mildver og plussgrader. www.pent.no kan bekrefte at plussgradene er på veg inn, og snøen på veg ut.

