"Den lille jeg er meg"

Barnehageteateret i Viken har framført forestillinga "den lille jeg er meg". Med flotte dukker og flinke skodespelarar presenterer dei det lille dyret med dei lange ørene og den flotte halen som ikkje heilt veit kva for eit dyr det er.

Det forsiktige og litt engstelege dyret med dei lange ørene og den flotte halen treff vi på i blomsterenga. Men kva slags dyr er det? I møte med både hest, sau, hund, frosk, papegøye, flodhest og enda fleire dyr, er alle einige om at dette dyret IKKJE er som dei.

Med for korte bein, for lange ører, for lang hale og eg veit ikkje alt som var annleis, kjem dyret fram til at «eg er meg», og at det er heilt ok.

Den flotte papegøya tok seg ein flygetur ut i salen og landa på hodet til Knut, det var veldig artig. Den store flodhesten tok med seg «eg er meg» på svømmetur, det var også gøy.

Dei yngste barna lot seg rive med av alle dei artige dyra og det dei fann på, dei som var litt eldre fekk nok med seg litt meir av at «eg er meg» følte seg annleis enn dei andre, og at det var ok.

Tusen takk til Barnehageteateret i Viken for ei strålande førestilling, til Rørstadmarka skule for lån av lokale og til Måseide barnehage som var med på spleiselaget og showet!